Du er her

Sjøforsvarets musikkorps - "The Love of Three Oranges"

Body: 

Konsert i Mariakirken 21.09.2022 kl.12:30

Sjøforsvarets musikkorps (SFMK) framførar fleire stykker kvar det SPIRande på ulike vis er tilstades. 

Det er SPIRande kjærleik i stykket For the Love of Three Oranges, utdrag frå ein satirisk opera av Prokofiev, som byggjer på eit gamalt europeisk eventyr om ein prins med tre sitrusfruktar som jaktar på ei kone. I stykket Three Beautiful Birds of Paradise av Ravel, møtar vi SPIRande natur. Bogoroditse Devo av Rachmaninov, ei bøn til Jomfru Maria,  inneheldt symbolikk knytta til eit SPIRande nytt liv, ein ny vår. 

Billettar: 100,- kjøpast på ticketmaster.no eller i døra.

Gratis parkering på Koengen frå 11.30 til 13.30

Konserten er ein del av Bergen Kirkeautunnale.